– For mange myter

Publisert:10. november 2016Oppdatert:15. november 2016, 14:29
SUPERHELT. Forfatteren Josef Yohannes snakker om boka si "Urban Legend", som er eit av mange innslag til festen. Helten Yohannes har skapa er ein mann som bekjemper gatekriminalitet. (FOTO: Bergen Offentlige Bibliotek).

Bergen Offentlege Bibliotek arrangerer Skandinavia-fest. Gjennom foredrag, konsertar, forestillingar og debattar skal sanninga om Noreg, Sverige og Danmark fram.

FEST. Myrbråten var usikker på om det var stort nok til å kalles festival, men det blir i allefall ein stor fest. (FOTO: Maria Haugsgjerd).

For lite kunnskap 

«Festen» startar i dag på biblioteket og Charlotte Myrbråten er ansvarleg for vaksenprogrammet, og har samla ein god variasjon av menneskje dei fire dagane på biblioteket. 

– Vi har mykje å lære om både Danmark og Sverige. Før var det ein større flyt mellom landa, me leste kvarandre sine aviser. Nå blir alt oversatt, seier Myrbråten.

Ideen om arrangementet oppstod fordi den offentlege debatten om dei tre landa inneheld mange myter og lite sanning. Myrbråten meiner folk slenger for mykje usanne fakta om landa, «svenskane er sånn, og danskane er sånn». 

– Me vil hente viktige stemmar frå dei ulike landa, og setje fokus på ytringsfridommen, dei ulike klassane, velferdsstaten, fattigdom og skjønnlitteratur. Me trenger meir kunnskap og mindre myter og fordommar om kvarandre. Og landa, seier Myrbråten.

Latskap

Det er framleis samarbeid mellom landa, men ikkje nok. Medier formidlar fordommar og usanningar. Myrbråten trur kanskje det er fordi det er lettare å skrive meiningar om landa enn å faktisk gjere granskingar. 

– Eg trur kanskje det kan vere litt latskap. Me krever i større grad at ting blir tilrettelaga oss, og me engasjerer oss mest i det som angår Noreg. 

Vi har noko å lære

Arrangementa dekkar fleire tema, alt i frå foredrag om Edvard Grieg til Høgrepopulisme. Myrbråten sjølv gleiar seg til mange ting, men ser mest fram til teaterforestillinga «Nå løper vi». Det er ein forteljing om å vere på flykt som har blitt nominert til både Hedda- og Kritikerprisen.

– Eg har lest mange gode omtalar om «Nå løper vi», så den ser eg fram til. Også trur eg debatten om ytringsfridom i Skandinavia blir bra, og sjølvsagt quizen om kvinner! 

Feminisme og kvinnehat står óg på planen, og ho er sikker på at valet i USA også dukkar opp. Ein del av ideen er at Noreg kan lære noko av nabolanda. Marta Breen, Emma Holten, Roya Hakimnia og Natalia Kazmierska er representantar frå alle tre landa og skal snakke om feminisme i Skandinavia for å sjå på likheiter og ulikheiter og snakke om likestillings prosjekt. Personleg synes Myrbråten Sverige ligg best an når det kjem til likestilling, medan Danmark gjerne er litt gløymd. Ho synes det er viktig å vere oppdatert og ha kunnskap ikkje berre om Noreg, men også Sverige og Danmark. Og innrømmer at Sverige er hennar favorittland.

– Svenskane er kulare enn oss. Dei lagar betre popmusikk, kler seg betre, har betre utestader og er litt større og gøyare. Der kan me lære noko. Og danskane er gode på frukost. Så mange digge ting på tallerkenen. 

Ho kjem derimot ikkje på noko som nabolanda kan lære av Noreg.

Mindre verden og større skandinavia

Det er tilfeldig at det blir arrangert Skandinavia-fest med fokus på samhald, samtidig som at det Amerikanske valet har stått for fullt, der folk er splitta. Men dei kan bruke valet som eit døme på viktigheita av å stå i saman.

– Biblioteket er eit kunnskapshus. Her kan folk komme og finne tryggleik og kunnskap, når ting går til helvete, seier Myrbråten.