IMPROuke på DNS

Publisert:8. november 2016Oppdatert:9. november 2016, 14:00
HUMOR. Mørland misunte dei morsomme som stod impro, og valgte å byrje sjølv.

– Å koble saman teater og impro er ein kjemperessurs for begge parter, seier Mørland.

I går starta IMPROuke på Den Nationale Scene, der ulike grupper som driv med improvisasjonsteater skal ha forestillingar kvar kveld fram til laurdag. Nils Petter Mørland, ein kjent improvisatør, synes dette seier ein del om omfanget til teaterformen i Bergen. 

– Interessen for impro har gått i bølger i Bergen, men at det er satt opp ei heil veke med improshow viser jo at no er me på ein bølgetopp, seier Mørland.

Teater vs impro

Fem kveldar på rad skal publikum få servert improviserte show på Lille Scene på DNS. Det heile avsluttas med ein battle mellom gruppene. Teatersjef Agnete Haaland, fortel at i år skal DNS arrangere improuke fordi det er «sabla gøy og vanskeleg». 

– Eg har skjønt at dette er eit morosamt teaterspråk som er av stor interesse. Det krever mot å kaste seg ut i noko slikt på ein scene, og kan vere lærerikt for både skodespelarane på DNS og for publikum. 

Mørland er eining og meiner dei som driv med teater har noko å lære frå dei som driv med improvisasjon, og motsatt. I dag skal nokre DNS-spelarar få prøve seg på impro saman med Mørland. Han meiner at her har dei som er vane med planlegging og manus ein moglegheit til å lære seg å vere meir laussleppen og leiken. På same måte som at improvisatørar kan trenge teaterkompetanse for å gjere god improvisasjon.

– Eg gir mykje creds til teaterfolka som har takka ja og tør å prøve seg på impro, for dei fleste er det fyrste gong. Eg skal leie showet, og ta på meg alt ansvar for kva som skjer på scena denne kvelden, ler Mørland. 

Gjere ting ein vanlegvis ikkje ville gjort

Ikkje berre skodespelarar har nytte av å prøve impro, Mørland sjølv meiner at han får bruk for kunnskapen han har fått i dei fleste tinga i livet. 

– Impro er definitivt det som har gitt meg mest moglegheiter og gjort meg bedre i alt anna arbeid eg driv med. 

Mørland er ein travel mann med mange ballar i lufta. Han både underviser, spelar på scene, skriv tekstar, regisserer, men det er sjølve improen han brenn for. Han har drevet med impro i 16 år og er for tida aktuell med «Det Andre Teateret», ei improgruppe, som no reiser rundt på turné. Neste stopp for gjengen er New York. 

– Uansett kor lenge eg har drevet med impro, føler eg likevel alltid eg byrjar på nytt. Eg lærer alltid noko nytt. Det er ein kunst å stå på ein scene og få noko til å skje utan å vite kva som skjer etterpå.

Det viktigaste for Mørland er at folk blir underhaldt og reagerer. Det treng ikkje vere latter, det kan også vere tårer, sinne eller hat. Og han fortel han er villig til å gå langt for å få til ulike reaksjonar frå publikum. 

– Eg likar å ta dårleg moralske val på scenen. Eg vil gjere ting ein ikkje tør eller kan gjere i det verkelege liv - komme i trøbbel. Og dette er noko som tek lang tid for mange som driv med impro å bli komfortable med.

Mørland forklarar at når ting skjer så fort og endringar kjem så plutseleg i ei scene er det vanskeleg å ikkje handle slik ein ville gjort i det vanlege liv.

– Ein veit jo aldri kva som kan skje i ei improvisert scene, men ein må berre vere nysgjerrig og slappe av.