Hald det ekte

Publisert:26. november 2016Oppdatert:26. november 2016, 15:00
ROSA RØYND. Eit bilete lyg ikkje, seiest det. Vel, det spørst om motivet er ekte. ILLUSTRASJON: Siri Flatlandsmo

Han kneler på eitt kne og løftar ein ring opp i lufta. Nokre meter bak han står ein kameramann, halvvegs gøymt i buskaset.

Jada, han veit at kameraet er der. Det gjer dama som gispar overraska framføre han òg. Dette er berre ein del av noko som ser ut til å vere ein ny trend: trulovingsbilete på sosiale medier.

Paret er omringa av friske trær, eitt anna av ei kvit strand. Noko naturleg, i alle fall. Dei smiler til kvarandre, omkransa av alt dette vakre. Dei har roser i hendene og stjerner i augo. Men det er ingenting naturleg med dette biletet.

På Facebook-feeden min florerer det plutselig av bilete av det som tilsynelatande er trulovingar frå mine amerikanske frendar. Det er tydelegvis ein ny trend å ta biletet av sjølve frieriet. Dette forvirrar meg.

Eg undrar på om fotografen var på staden, sånn heilt på slump, i nøyaktig den augneblinken den unge mannen fiska ringen ut frå bukselomma og sette kneet mot jorda. Det er vel ikkje veldig sannsynleg. Likevel har desse bileta hamna på internett, i eigne album som gjerne kan innehalde seksti bilete av berre dei to. På brua, i parken, ved sjøen.

Ei snikande kjensle kjem over meg. Kan dei verkeleg ha gjort det? Kan dei?  Kan dei ha spelt seg sjølv i eit skodespel, meint for framføring på sosiale medier?

Det har lenge vore poppis å legge ut søte parbilete på sosiale medier. Dei har eg eigentleg ikkje så mykje imot, fordi dei fleste -ane sannsynlegvis har oppstått relativt spontant. Men å planlegge e gjenfortelling av sitt eige liv framføre kamera for for å vise fram eit perfekt versjon av frieriet?

Kjære amerikanske turtelduer (og kommande norske). Ta no heller ein selfie, etterpå, som vanlege folk. Då slepp friaren å bli skitten på kneet meir enn éin gong.