Den gongen eg bestemte meg for å smile

Publisert:23. november 2016Oppdatert:25. november 2016, 00:30

Kvifor er det slik at ein vert oppfatta som merkeleg og nærmast litt skummel dersom ein smiler til framande?

For nokre år sidan fann eg ut at eg ville bli eit godt menneske. Eg hadde gjennom store delar av livet fått høyre at eg for andre kunne framstå som kald, reservert og overlegen, og tenkte at dette var noko eg måtte endre på. Eg har alltid tenkt at det er spanande med nye vener, og tenkte at min veremåte var med på å forhindre dette. Så eg bestemte meg for å smile. Og smile, det gjorde eg. 

Eg smilte til folk på butikken, eg smilte til bussjåførar, eg smilte til naboar eg aldri hadde helst på, til folk på legekontoret og til framande menneske på vorspiel. Eg smilte til folk eg eigentleg ikkje hadde noko til overs for. Ja, til og med folk i møtande bilar smilte eg til, sjølv om eg ikkje er sikker på at dei alltid kunne sjå det. 

Med unntak av ei særs triveleg dame på eit busstopp i Trondheim, resulterte dette vesle prosjektet mitt i svært få gjengjeldande smil frå framande. Faktisk vart den blotta tanngarden min for det meste besvart med rare og usikre blikk. Folk synast å tru at eg hadde ein baktanke. At eg ville noko. Dei starta å unngå meg og verka nesten litt redde. Det kunne verke som om dei førebudde seg på å takke nei til kva enn eg hadde å by på. Litt som eg sjølv tek store omvegar for å unngå å passere ein selgar på gata eller nokon som freistar å rekruttere meg inn i ei meinigheit eg aldri før har høyrt namnet på.

Etter kvart fann eg ut at det gjekk gjetord om meg blandt mine vener sine vener. Eg var denne smårare jenta som gjekk rundt og smilte utan grunn. Smilinga mi hadde gått for langt. No verka ho imot sitt føremål. Eg som skulle bli den trivelege jenta som alle likte og var ei som folk hadde lyst å bli kjent med, hadde blitt eit sosialt utskot.  Så eg slutta. No smiler eg til folk som treng eller fortener det. 

Når sant skal seiast så må det vere i orden å ikkje alltid ha lyst til å slå av ein prat med folk. Det må vere greitt å ha ein dårleg dag innimellom. Med åra har eg sjølvsagt vorte meir reflektert, og tenker at eg skal klare å komme gjennom resten livet utan å vere besteven med alle. Er eg sur og sint ein dag, så får dei stakkarane som befinn seg i nærleiken enkelt og greit bere over med meg. For det er rett og slett heilt lovleg å ikkje vere glad heile tida, og då bør det heller ikkje vere naudsynt å late som noko anna.