Personleg erfaring gjer at han kan hjelpe andre

Publisert:5. oktober 2016Oppdatert:12. desember 2017, 07:30
ALEINE. Da Dessalgen kom til Noreg for 23 år sidan, var det lite hjelp til å bli integrert. FOTO: Maria Haugsgjerd

Melaku Dessalgen (48) kom som flyktning frå Etiopia til Noreg i 1993. I dag hjelper han andre i same situasjon.

 

VENNER. Mahamud og Kelmendi brukte mykje av tida saman på lekser, og lærte mykje av kvarandre. FOTO: Tom Robert Wold.

–Det hjelper andre flyktningar å sjå meg som eit eksempel på ein som kom til Noreg utan noko, men som no har eit godt liv med fast jobb i landet. Til og med mine dårligege erfaringar kan eg bruke på ein positiv måte, til å gi råd og veiledning til korleis dei kan jobbe hardt for å klare seg sjølv.

 

Han jobber som koordinator for Flyktningguiden i Bergen Røde Kors, og det har han gjort sidan 2007. Hovudoppgåva hans er å finne ein guide til alle flyktningar som kjem til Røde Kors for å få hjelp til å bli integrert inn i samfunnet.

 

–Mange synes det er vanskeleg å bli ein del av samfunnet, og ynskjer å få ein person som kan hjelpe dei med dette, ein flyktningguide, fortel Dessalgen.

 

Språk er viktig

Festa Kelmendi (23) er ein av mange frivillege som ynskja å hjelpe.

 

–Eg hadde på førehand bestemt meg for at eg ville melde meg inn i frivilleg arbeid, og endte da opp i tilbudet Flyktningguide. Kanskje mest fordi mamma og pappa har innvandrarbakgrunn, og eg følte eg ville gi noko tilbake, fortel Kelmendi.

 

Alle har behov for å raskt bli ein del av lokalmiljøet og bli kjent med norsk kultur og språk. Dessalgen seier at det er avgjerande for ein flyktning å lære både skrevne og uskrevne kodar for å kunne fungere i det norske miljøet, men mest av alt er språk viktig.

 

–Mange ynskjer å komme seg i arbeid eller å byrje å studere, og då er det veldig viktig at dei raskt kan lære seg språket. Og mange synes det er veldig ubehageleg å snakke ingen, eller dårleg gebrokkent norsk, og ynskjer derfor å byrje å snakke med ein person som kan hjelpe dei, seier Dessalgen.

 

Kommunikasjonsproblemer

Kelmendi var flyktningguide for Neima Mahamud (25) frå Somalia merka på kulturforskjellen og kommunikasjonsproblemer. Det vart mykje kroppsspråk og enkle norske ord.

 

–Det var ikkje alltid like lett å forstå kva ho sa, da «Kvinnegruppa» vart «klinegruppa» og slike ting. Ein gong ho var på besøk hos meg måtte ho plutseleg be, og eg måtte rydde vekk alt frå golvet, slik at ho kunne sitte der. Det gjekk heilt fint for meg, men då gjekk det enda meir opp for meg kor forskjellige me er, fortel Kelmendi.

 

Kelmendi kjem godt overens med Mahamud, og føler ho har fått ein venn for livet. Dessalgen kan bruke fleire månadar på å finne ein god match, da det er viktig å finne to som passar saman, som har same motivasjon og som finn tonen. Men det er ikkje alltid ein flyktningguide og ein deltakar fungerer saman.

 

–Eg har opplevd at folk har søkt som frivilleg og kjem for å hjelpe «dei stakkars flyktningane» og oppfører seg som ein superhelt eller herre. Der guiden har kommandert flyktningen rundt på ting, beskyldt dei for å ikkje gi ein innsats for å bli integrert, og sagt at dersom flyktningen ikkje gjere som han seier så har han ikkje respekt for flyktningguiden, fortel Dessalgen.

 

Det er ikkje ofte slikt skjer, men det har skjedd. Ein flyktning ynskjer ikkje å bli kommandert rundt på den måten, og mister gjerne da motivasjonen til å lære og å bli integrert. Slike problem blir alltid rydda opp i, men det kan vere vanskeleg å dra opp igjen motivasjonen til ein som allerede ligg langt nede.

 

Å kaste bort fleire år av livet

Dessalgen var utdanna bilmekanikar i heimlandet, men fekk ingenting godkjent og måtte jobbe i oppvasken på restaurantar. Då han kom til Noreg var det dårlegare opplegg for flyktningar, og han klarte ikkje å lære seg norsk raskt nok for å kunne få utdanninga si frå Etiopia godkjent. Han måtte seinare studere på nytt etter at han var stødig nok i norsk.

 

–Å kaste bort så mange år med utdanning og arbeid er hardt. Eg kasta bort tid og alder. Eg følte meg uverdeg og som ein tapar. Den irritasjonen og taperfølelsen kan ikkje ein nordmann forstå.

 

Det er mange som er i same situasjon som Dessalgen har vore i. Mange som kjem høgutdanna til Noreg, men som ikkje får utdanninga si godkjent. Mange vil komme seg i arbeid og tene pengar, for å sleppe å bli sosialavhengige. Dei ynskjer å klare seg sjølv. NOKUT er ein organisasjon som brukes i forbindelse med godkjenning av høyere utdanning fra utlandet. Utdanningen blir vurdert opp mot den norske gradsstrukturen, det vil si om den tilsvarer for eksempel ein bachelorgrad, mastergrad eller doktorgrad. Godkjenningen sier ikke noe om det faglige innholdet i en utdanning. NOKUTs generelle godkjenning er frivillig, og er ment som et hjelpemiddel når du skal ut på det norske arbeidsmarkedet, i følgje NOKUT sine nettsider.

 

I år er Flyktningguiden 15 år, og har i dag over 95 koblingar, altså 190 deltakarar og frivillege. Og mykje har skjedd i løpet av dei femten åra. Mange flyktningar har klart å komme seg inn i det norske samfunnet og mange har fått nære og gode venner for livet. Mykje takket vere støtte i form av midlar i frå andre organisasjonar. Dessalgen ynskjer å  rette fokuset mot dei frivillige.


–Det er dei frivillege som har mest ansvar og som gjere mest arbeid. Det er dei som gjere det mogleg for folk i frå alle land å kunne bli ein del av Noreg. Også eg får møte mange forskjellege menneskje. Det er utruleg spennande og sterkt. Eg håpar min bakgrunn og erfaring kan verke som eit bindelegg mellom det norske samfunnet og innvandrarane.