Lokka med billeg alkohol - enda opp med skjenkeprikk

Publisert:27. oktober 2016Oppdatert:28. oktober 2016, 12:48
PRIKK: I lag med Kaos og Febar, har utestaden Lille no fått ein prikk på grunn av alkoholreklame.

Via SMS ville Bergen Servering freiste studentar med billeg alkohol. – Ulovleg reklame, konkluderer skjenkekontoret.

Kaos
FEKK PRIKK: Febar er ein populær utestad blant studentar.

– Dette er brot på reklamebestemmingane, ja, bekreftar Even Hasdahl Olsen ved Kontor for skjenkesaker i Bergen kommune.

For VIP-studentar

Det var den 15. september at sms-en som lokka med billeg øl, vin og drinkar gjekk ut til meldingsabonnentar av Bergen serverings “VIS Bergen” (“Very important students”). Bergen Servering AS står bak Lille, Febar og Kaos, som alle er typiske studentutestadar.

Brot på skjenkebestemmingane blir vanlegvis straffa med prikkar. Først når ein når tolv prikkar kan skjenkekontoret inndra skjenkebevillinga. At denne sms-en i dette tilfellet gjekk ut til ei “lukka” brukargruppe, som aktivt hadde meldt seg på tenesta, er ikkje formildande meiner skjenkekontoret.

– Så lenge det er ein form for massekommunikasjon og marknadsføring, kor ein vil tjene pengar på sal av alkohol, så er det reklame og brot på lova, fortel Hasdahl Olsen.

I eit førehandsvarsla brev til Bergen Servering skriver skjenkekontoret:

Da bevillingshaver er initiativtaker til SMS utsendingen vurderer Kontor for skjenkesaker innlegget som svært skjerpende omstendigheter knyttet til brudd på reklameforbudet.”

– Mange har tilgang

I tilsvaret til skjenkekontoret legg ikkje Bergen Servering AS skjul på at det er dei som har sendt ut meldinga. Men det er verken daglig leiar Ronny Pedersen eller andre i leiargruppa som står bak:

Det er svært mange personer som har tilgang på brukernavn og passord til den aktuelle server og det er kun ett brukernavn og passord for samtlige. Det er blitt gjort interne undersøkelser for å kartlegge hvem, når og hvorledes det kan ha seg at denne “sms`en” er blitt sendt ut og under trussel av politiets anmeldelse av saken har en antagelig nå funnet frem til hvem/hvilke personer som har sendt ut den aktuelle “sms”, skriver Bergen Servering i tilsvaret via advokatselskapet Hæreide, Helland, Rysst og Bolstad.

Vidare skal den som hadde sendt ut sms-en ha peika på at ”det er jo dette alle våre konkurrenter også foretar seg, så då må vel vi også gjøre det”. Vanlegvis er meldingsavsendar “VISBergen”, denne gongen var sms-en signert “Pssst”.

Sjølv om det blir framheva at sms-en gjekk ut til ein “sterkt avgrensa krets av personar”, beklagar Bergen Servering at den blei sendt ut.

Lågaste straff

Selskapet peikar også på at . I artikkelen blir det også konkret presentert dei prisane som også blir gjort kjent her. Det brukar Bergen Servering som argument for at dei ikkje skulle ha behov for å sende ut slike sms-ar.

Denne veka kom det endelege svaret frå skjenkekontoret: Bergen Servering har brote lova og alle dei tre utestadane får éin prikk kvar. Dette er samtidig den lågaste straffa, og etter det Bymag erfarer skal ingen av dei vere i nærleiken av å vere i fare for å miste bevillinga.