Når rusen avtar

Publisert:22. september 2016Oppdatert:22. september 2016, 22:33
MINDRE AV DETTE: Pila peiker nedover for papiravisene. No ser me konsekvensane av gratis nettaviser. Foto: Siri Flatlandsmo

Gjer ein vekk heroin, vert det dårleg stemning når den ikkje er gratis lenger. Slik er det også med nyheiter på nett.

Kommentarfelta til avisene florerer av klager frå folk som er misnøgde med betalingsordninga på nettaviser. Det kan verke som om folk ikkje er begeistra for å måtte punge ut for godt journalistisk handverk. Vi treng ei løysing, og vi treng henne no.

Gratisfella

Då mediene lanserte sine tenester på nett for om lag femten år sidan, gjorde dei ei stor tabbe. Dei gjorde all informasjon gratis. Åra gjekk, og folk vart vane til at det var slik det var. No vert det vanskeleg å snu på flisa.

I det siste har tilsette i mellom anna TV 2, Bergens Tidende og Bergensavisen fått tilbod om sluttpakke. Redaksjonane må avsetje medarbeidarar, og slit med å få økonomien til å gå rundt. Likevel har desse redaksjonane framleis krav på seg om å dekke nyheiter i like stor grad som tidlegare. Dette kan verte svært problematisk dersom utviklinga held fram i same retning som no.

For at media skal ha tilstrekkeleg med variasjon og for å unngå eit monopol som vil vere usunt for lesarane, er det heilt naudsynt med ein god økonomi. Når stadig fleire aviser satsar kraftig på nett har det vist seg å bli vanskeleg å finne ei løysing på problemet med betalingsmurar. Folk vegrar seg for å betale, og forlet éi avis for å finne gratis informasjon om same sak på ein annan plattform.

Svekker demokratiet

Vær Varsom-plakaten sin første paragraf omhandlar pressa si samfunnsrolle. Der står det mellom anna at «ei fri, uavhengig presse er blant dei viktigaste institusjonar i demokratiske samfunn». Mediene si oppgåve å opplyse folket slik at dei er rusta til å ta avgjerder på eigenhand. Mediene skal vere vaktbikkjer i samfunnet.

Viss ein ikkje betalar journalistane, vert det dårlegare kvalitet på det avisene publiserer. I så måte vert også demokratiet svekka. Det vil ikkje vere høve til å drive gravande journalistikk, og den allereie eksisterande tendensen til typiske «klipp og lim»-artiklar vil blomstre.

Det fell på si eiga urimelegheit å fjerne den frie, uavhengige pressa. Samstundes kan det verke som om det er stor semje blant nordmenn om at det som ligg på internett også bør vere gratis. Skjønar dei kva dei eigentleg ber om?

Somme gonger er det nemleg slik at folk ikkje veit kva som er best for seg sjølve. Winston Churchill skal ha uttala at «det beste argumentet mot demokrati er ein fem-minutt lang samtale med den gjennomsnittlege veljaren». Dette argumentet kan i stor grad nyttast i denne samanhengen. Folk vegrar seg for å betale når dei enkelt kan finne informasjon andre stader. Det må skje ei oppvekking for å få fram at løysinga vi har no ikkje er særleg berekraftig. Når annonseinntektene til avisene stadig vert lågare i papirutgåvene må dei ty til andre formar for inntekter, trass i at dette er i strid med ynskjene til store delar av lesarane.

Samstundes er det forståeleg at noko som har vore tilgjengeleg i alle år plutseleg no skal betalast for kan framstå som provoserande. Det vert som å gje vekk heroin gratis, for så å kreve inn pengar når mottakarane har vorte avhengige. Det er klart dei vert sinte.

Det var nok ikkje mediene sin plan å gå fram som narkotikaforhandlarar for å få folk avhengige av nyheiter på nett. Og det er no ein gong slik at rusavhengige som skal avvennast må tåle ein periode med sinne og frustrasjon for å kome seg ut av miljøet og få eit betre liv.

Den vonde søppelsirkelen

Eit anna poeng er at mange aviser no er meir merksame på kva for artiklar folk veljer å lese enn dei var før. Med Facebook og Google Analytics vert det tydeleg det kva for typar saker som er klikkvinnarar. Saker med titlar som «Angelina og Brad skiljer seg» får ofte fleire klikk enn «Les om kommunesamanslåinga her».  Konsekvensane av dette er at ein får ein vond sirkel med søppeljournalistikk til fordel for kritiske og meir djuptgåande saker fordi sistnemnde ikkje lønner seg økonomisk for avisene.  Nøgde lesarar er trass alt heilt naudsynt for å få inn pengar i kassa.

Vi har kome til eit kritisk punkt i mediehistoria. Det må sjølvsagt vere opp til kvar enkelt nyheitsformidlar å velje korleis dei taklar problemet, men det beste vil vere ei felles løysing.

Må samarbeide

Dei store avisene og nyheitsformidlarane må verte samde om kva for type artiklar som skal ha betalingsmur og ikkje. Det bør utformast felles retningslinjer for dette slik at folk ikkje berre kan gå til eit anna nettmedie og finne informasjon om same saka gratis.

Det må utarbeidast ei ordning som gagnar både journalistikken og samfunnet.  Då er det ikkje berre forhandlingar mellom dei konkurrerande mediehusa som skal til, men også ei haldningsendring i samfunnet.

Folk må forstå at medietilbodet er ei teneste på lik linje med andre servicetilbod, men dei må også fatte at tilbodet er naudsynt. Heroin bør ikkje vere gratis og det same gjeld nyheitsartiklar. Det merkverdige er at ingen klaga då dei måtte betale for papiravisa på butikken.