Med historia som levebrød

Publisert:26. september 2016Oppdatert:24. oktober 2016, 13:42
27 ÅR: Leif Magnussen begynte i ei bod på torget. No eig han to lokaler fulle av brukt antikvitetar. Foto: Maria Haugsgjerd

– Før var ikkje gjenbruk like kult, men no har jo til og med dei kongelige begynt å handle på Fretex, seier Leif Magnussen.

Han står i «Magnussen’s Brukt -Antikt». Frå taket heng gitarar, gassmasker, lamper, utstoppa dyr og klokker. På golvet står det ei gammal tønne med sverd, stablar med bøker, dukker og bilder av kongen i. Det er «minst ein million ting» i butikken, ifølgje han sjølv. Gjennom desse haugane av ting er det ein smal sti som gjer at folk kan komme seg rundt i butikken. Overfylte bord veltar over stien. Dette er ting Magnussen har samla opp gjennom 27 år som eigar av antikvitetsbutikken.

Driv åleine

Den no overfylte butikken byrja som ein hobby. Ein må ha ein interesse for gamle ting for å kunne drive ein slik butikk.

– Då eg var yngre samla eg på frimerke, myntar og klinkekuler. No er det meste vekke.

Han står i ytterdøra og ynskjer kundar velkomne. På begge sider av gata kan ein sjå lokale med tusenvis av ting hengande i vindauga. Begge butikkane er eigd av Magnussen. Tidlegare hadde han tilsette som arbeidde for han, men no er det berre han. 

– Det er vanskeleg å finne folk som har skikkeleg peiling på gamle ting.

Jamleg strøymer folk inn i butikken. No er det mest turistar. Dei går i kø bak kvarandre og ser på alle gjenstandane, tar bilete og diskuterer på spansk, tysk og engelsk. Støvet i lufta blir synleg når sola skin inn gjennom vindauga. Det luktar gammalt. Ein kan høyre at ting blir løfta opp, og nokon fniser. 

– Eg er yngre enn dei fleste tinga her inne, fortel Magnussen.

Arbeidsjern

Butikken hans har alltid gått bra og gjenbruk har alltid blitt kjøpt av folk. Men, etter at det har fått meir plass i media, er det blitt endå meir populært. Dette set Magnussen pris på. Spesielt i juletider og i turistsesongen. Då er det travle tider. 

– Eg jobbar mykje. Seks dagar i veka, det er meir enn ein fulltidsjobb, fortel Magnussen. 

Trass i mange kundar blir golva, vindauga, veggene og hyllene berre fullare og fullare.  Dette er fordi han kjøper inn heile billass med varer, på auksjonar, messer og frå private.

– Kundane kjøper ikkje billass med ting. Dei fyller gjerne ei veske eller ein bærepose, så butikken går heile tida i pluss med antal varer.

Hard konkurranse

Ein herre kjem inn i butikken og helsar. Han har med seg ei lampe han vil selje til Magnussen. Å finne ein stikkontakt i dette lokalet er lettare sagt enn gjort. Kunden sukkar og stønner, medan han flytter på bokstablar, hattar og bord. Så pluggar han lampa i, for å vise at den fungerer.

Ein ung mann kjem bort til Magnussen og lurer på kva longboardet kostar. Dei diskuterer pris, før han forlèt butikken, tomhendt. Ikkje alle varene i butikken blir kjøpt. Magnussen får ofte høyre av folk at ting er dyrt og at Fretex er mykje billigare. 

– Det er stor forskjell på min butikk og Fretex. Fretex får gratis varer, gratis arbeidskraft og treng ikkje å skatte eller å betale moms. 

Han synes det er veldig urettferdig at nokon må betale, medan andre ikkje. 

– Politikarane snakkar fint om gjenbruk, men dei klarer ikkje å fjerne momsen, slik at gamle ting som blir solgt blir betalt moms på fleire gonger. 

Magnussen konkurrerer med fleire enn berre Fretex. Alle som kjøper og sel ting på nettet stel også ein del kundar. Folk forventar at brukt og antikk skal vere billig, men mange av tinga Magnussen har kjøpt er dyre antikvitetar. Og han har mange utgifter som skal betalast. 

Trenden med å kjøpe brukt og å vere miljøvennleg vil ikkje snu med det første, og Magnussen har planar om å fortsette med dette arbeidet.

– Nå har eg drive med dette veldig lenge, så eg veit ikkje om noko anna. Det er ein litt spesiell jobb, men det er spennande, seier han og fortset arbeidet i det støvete lokalet.