Uroa UiB-studentar held fast på reiselysta

Publisert:21. november 2015Oppdatert:24. november 2015, 20:42
Det naturhistoriske museum vart lyst opp i raudt, kvitt og blått onsdag kveld i solidaritet med terrorofra i Paris. Den auka terrortrugselen i verda uroar studentane, men frykta hindrar ikkje utvekslingsstudentar frå å reisa.

Terroråtaka i Paris har ikkje hatt noko direkte innverknad på utreisetala til Universitetet i Bergen (UiB). Ingen har så langt trekt seg frå dei planlagde utvekslingsstudia, men fleire er uroa over den globale terrortrugselen.

UiB hadde ingen utvekslingsstudentar i Paris dette semesteret, opplyser Nedelina Naydenova, seniorkonsulent ved studieadministrativ avdeling ved Universitetet i Bergen.

I fjor reiste 31 prosent av studentmassen til utlandet. I den nye strategiplanen for perioden 2016-2022 håpar universitetet å auka dette talet til førti prosent. Naydenova trur ikkje terroråtaka i Paris har påverka studentar til å trekkja seg frå utvekslingsstudia.

– Me har ikkje registrert at nokon studentar har trekt seg frå utveksling som følgjer av episodane i Paris.

Kultursjokk og katastrofar
Denne veka skipa studieadminstrativ avdeling til utreiseseminar for dei neste utvekslingsstudentane ved UiB. Studentane gjekk gjennom eit krasjkurs i korleis å handtera kultursjokk, og fekk høyra frå tidlegare utreisande korleis studietilvêret utanfor Noreg kan vera. Også korleis studentar skal handtera krisesituasjonar som terroråtak og naturkatastrofar, var ein del av seminaret.

– Universitetet har klare instruksar på kva me skal gjera om våre studentar befinn seg i område som er ramma av ekstremsituasjonar. No hadde me heldigvis ingen studentar i Paris, men då jordskjelvet ramma Nepal i vår, hadde me fleire studentar i dei råka områda. Då tek me kontakt, og syt for at studentane kjem i kontakt med pårørande og ambassade og personell i det aktuelle landet.

– Kan skje kvar som helst, når som helst
I etterkant av åtaka i Paris skreiv terrorganisasjonen Den Islamske stat (IS) i ei pressemelding at liknande angrep vil bli utført også mot andre mål i Europa. Åsmund Veigel Gaukstad frå Lom i Gudbrandsdalen reiser til Basel etter jul. Han er ikkje skeptisk til å reisa til Sveits, men vedgår at han kjenner seg tryggare i Bergen.


Åsmund Veigel Gaukstad reiser til Basel i Sveits etter nyttår. Han er slett ikkje redd for å reisa, men er uroa over vilkårlege terrortrugslar.

– Det er ikkje nett noko verdsmetropol eg reiser til, men byen ligg midt i Europa, og nær grensa til både Tyskland og Frankrike, seier Gaukstad.

Det skumle med slike åtak som i Paris, er at det kan skje kvar som helst, når som helst

Neste veke reiser han til Tyskland på fotballkamp. Nyleg vart ein treningskamp mellom Tyskland og Nederland i Hannover avlyst på grunn av meldingar om bombetrugslar. Publikum vart evakuerte, men ingen vart pågripne og det vart ikkje funne sprengstoff, slik meldingane tilsa.

– Sjølv om trugslane ikkje er reelle, skapar ein frykt og panikk. Slikt er ubehageleg, seier Gaukstad.

– Hadde tenkt meg om to gongar før eg flytta til Paris
Benedikte Mæland frå Bergen studerer psykologi. I romjula set ho seg på flyet til San Diego. Hadde Paris vore destinasjon, hadde 22-åringen vore meir uroa.

– Eg hadde tenkt meg om to gongar før eg skulle reist til Paris. I USA hadde eg vore meir skeptisk til å bu i byar som New York og Washington DC. Eg kjenner meg ganske trygg i San Diego, seier Mæland.

Angrepet mot satirebladet Charlie Hebdo i januar i år og åtaka i Paris førre fredag gjer at Mæland har vorte meir skeptisk til å ferdast i Frankrike.

– Eg veit at det truleg ikkje vert Paris også neste gong, men Frankrike er utsatt for åtak.

– Opphausa fryktkultur i Noreg
Gaukstad har vore i Basel fleire gongar tidlegare. Han kjenner seg trygg i byen, kor ein stor del av innbyggjarane i sentrumskjernen er innvandrarar.

– Samfunnslivet fungerer svært godt fordi innbyggjarane er godt integrerte. Her i Noreg ser mange annleis på det. Eg meiner fryktkjensla er litt opphausa i Noreg, seier Gaukstad.