Ho tullar ikkje – alt er bra

Publisert:8. november 2015Oppdatert:23. november 2015, 23:12
Byråden for helse og omsorg tek med glade fatt på utfordringane i Rådhuset. – Plattformen speglar Krf sin politikk i nesten alle ledd. Eg har aldri sett ein liknande plan i mine 9 år i politikken, seier Rebekka Ljosland.

Rebekka Ljosland (Krf) tenkte ikkje på byrådsstillinga då ho stilte som tredjekandidat til valet i haust. Dei neste fire åra er dei politiske ambisjonane gulare enn den nytilsette helsebyråden er grøn.

20. oktober vart Ljosland sitt namn sirleg notert i historiebøkene.

Mykje er sagt om alderen til tidenes yngste bergensbyråd. Sjølv ynskjer ikkje Ljosland (24) tilleggja alderen så mykje fokus, anna enn at ho kort minnar om at både Filip Rygg (Krf) og Harald Victor Hove (H) var i tjueåra då dei inntok Rådhusgaten.

– I Bergen har ein satsa ungt ganske lenge. Det er stilig at ein satsar ungt på helseposten, seier Ljosland.

– Alt er bra
Ljosland har ikkje eitt vondt ord å seia om den politiske plattformen byrådspartia Ap, Krf og V har utarbeidd.
Sidene med ambisiøse planar for Bergen dei neste fire åra er like mange som Ljosland er gamal.

​Det er ikkje tull at eg er kjempenøgd. Aldri i mine ni år i politikken har eg sett eit program som ber Krf sitt preg i så stor grad. Det er tydeleg at Krf har lagd føringane. Det trur eg også Ap og V ser, seier Ljosland. ​

​Ap og V ser nok i høgste grad at partia har vedtatt bybane over Bryggen, sju hundre nye flyktningar til Bergen dei neste åra, lovnader om ein ambisiøs sosial- og ruspolitikk, eit løft for psykisk helse for born og unge, innsats mot menneskehandel, og ein heilhjarta innsats mot fattigdom blant born og unge.

– Me har samtala og diskutert oss fram til eit resultat, ikkje debattert. Det syns eg plattformen ber preg av. Eg ser Krf sin politikk i nesten alle avsnitt, seier Ljosland.

– Fortruleg med sprøyterom
​Helsebyråden held fast på at ho også ser gul politikk i rusomsorgen, trass i at byrådsplattformen opnar for bruk av sprøyterom. Før valet sa Ljosland til Bergen Student-TV at Krf ynskjer meir effektive middel i kamp mot rusproblema, og at sprøyteromerfaringane frå Oslo ikkje er gode nok.

– Eg er heilt fortruleg med at byrådsplattformen legg opp til ein heilskapleg ruspolitikk. Alle veit at det ikkje er Krf som har gått inn for dette punktet, men eg er fortruleg med at ein har sprøyterom. Me ynskjer å hjelpa menneske med å koma vekk frå rusen, og vil difor sørga for at dei som ynskjer hjelp ikkje skal vera avhengige av hospits. Bustadpolitikken blir viktig i åra som kjem. Ikkje berre på grunn av rusmisbrukarar, men også dei mange flyktningane som vil koma til Bergen, seier Ljosland.

Byråden seier at ho vil vera ein byråd for alle, og må melda pass på spørsmål om kva som er 24-åringen sine hjartesaker.

– For meg er alle sakene hjartesaker, eit variert innhald i eldreomsorga er éi. Me ynskjer ei ny retning i eldrepolitikken. Tilbod på dagsenter og aktivitetar på aldersheimen er to døme. Eldreomsorg er meir enn berre sjukeheimsplassar og medisindosar, seier Ljosland, som også trekkjer fram førebygging som eit viktig helsepolitisk verkemiddel.

– Eg er glad førebyggjande tiltak har fått mykje plass i dokumentet. Til dømes ynskjer me fleire helsesystre i barneskulen, framfor auka tal i vidaregåande skular. Det gjer det lettare å avdekkja problem som oppstår i tidleg alder. For kvart år aukar talet på unge som brukar antidepressivar. Då er det vårt ansvar som politikarar å setja i gang tiltak som fungerer for å få talet ned, seier Ljosland. ​

Tek grep om tappekrana
​Byrådet beslutta å flytta skjenkesaker frå næringsavdelinga til byrådsavdelinga for helse og omsorg. Avhaldskvinna Ljosland ynskjer strengare kontroll med alkoholpolitikken i Bergen. Det påverkar tappekranene i byen. Skjenketidene vert reduserte, frå klokka halv 02.30 til 02.00. 

– Er det dokumentert at det å stramma inn skjenketidene med ein halvtime har noko effekt?

– Ja, det har me dokumentert frå fleire stader. Mellom anna Trondheim har erfart at talet på valdsepisodar går kraftig ned ved å skrenka inn skjenketidene, seier byråden.

Kulturhalvtimen, som i dag opnar for at enkelte skjenkestader får servera til klokka 03.00, vert kutta. I staden kan skjenkestader med ekstra god bemanning og opplæring få halda ope ein halvtime lenger.

– Skjenkepolitikken skal vidareførast på dei fleste felt. Erfaring viser at det ikkje er heldig om alle utestadene stenger samstundes. Det fører med seg knuffing og vald. Rapportar viser at nesten førti prosent av dei som er på byen kjenner seg utrygge, seier Ljosland.

Rapporten Ljosland viser til er ein nasjonal rapport gjennomført av Helsedirektoraret i fjor. Tala syner at 36 prosent av befolkninga kjenner seg utrygge på byen i sin heimkommune. Ei undersøking gjennomført av Synovate for Helsedirektoratet i 2011 syner at 39 prosent av bergensarane kjenner seg utrygge på byen i Bergen.

​Det er ei utfordring helsebyråden vil ta på seg.

– Dei tala kan eg ikkje leva med. Vårt mål er å gjera Bergen tryggare, slår Ljosland fast.  

Kvir seg for å kutta
Då byrådet i fjor la fram rekneskapet for 2014 måtte byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen (H) konstatera at økonomien til Bergen kommune fall i riksrevisoren sin kategori “lite berekraftig”. Den ambisiøse politiske omveltinga i kombinasjon med ein stadig meir gjeldstynga kommune, kan visa seg å verta ei vrien nøtt. Særskild vanskeleg vert det for Ljosland, som har ansvaret for ei eining i stor vekst, der innbyggjarane vert stadig fleire og stadig eldre.

– Korleis skal du prioritera når kommunen står i ein alvorleg økonomisk situasjon?
– Det vert vanskeleg, og det er kutta me ser på som det mest utfordrande. Det er eit blå-blått budsjett me skal revidera no. Me får ikkje gjort om på alt, men me må gjera det beste med det utgangspunktet me har. Som helsebyråd og Krf’ar må eg spørja meg sjølv - kven treng det aller mest? Viss det er fokuset, vert avgjerslene kanskje litt lettare, seier Ljosland.

​Helsebryåden samanliknar opppryddinga i byrådet med det å snu eit skip – det let seg ikkje gjera i ei handsvending. Men er alle punkta i plattformen gjennombøre? 
– Det står att å sjå. Det er vanskeleg å realisera alt i ein fireårsperiode. Rusomsorg, eldreomsorg og bustad er alle satsingsfelt.​ Førebygging gjev ikkje resultat på eitt år. Det tek tid, seier Ljosland.